Bibliotekets tilbod til barnehagar

Kom innom på biblioteket!

Barnehagar er velkomne til å komme innom biblioteket i opningstida.

De kan utforska hyllene på eigenhand, eller be om tips til kva de kan låna. Det er og lov å ta med lunsjen og eta i lokala våre.

I kjellaren har vi stor og god garderobeplass som kan nyttast til å hengja frå seg.

Bokkassar

Biblioteket lager til bokkassar til til bruk i barnehagar. Det kan være forskjellig type skjønnlitteratur eller temakassar med faktabøker. Bokkassane må bestillast minst fem virkedagar før dei skal brukast. Send ein e-post til klepp.bibliotek@klepp.kommune.no og hugs å få med:

  • Namn på skule/barnehage
  • Aldersgruppe/klassetrinn
  • Elevtal
  • Tema
  • Målform (nynorsk/bokmål/blanda)
  • Ønska leveringsdato

Digitale tilbod

Både Lesekroken og Billedbokhylla er gode ressursar til bruk i barnehagen. 

Lesekroken

Lesekroken logoLesekroken inneheld digitale lydbøker og blabøker med eventyr fra Asbjørnsen og Moes samlinger på bokmål og nynorsk, samt 20 av dei mest vanlige fremmedspråka i Noreg inkludert samisk. I tillegg finn du interaktive oppgåver som puslespel og ordlotto, samt karaoke og songar. Publikumspassord er: Kleppe
Opne Lesekroken >>>

Billedbokhylla

BilledbokhyllaMange gode biletbøker vert gamle og utslitt. No er ein god del av desse bokskattane likevel blitt tilgjengelig via internett. Nasjonalbiblioteket har byrja å skanne norske bøker. Dette gjeld bøker som er utgjeve før år 2000. Hammerfest bibliotek har laga ein eigen base kor dei har samla dei digitale biletbøkene frå Nasjonalbiblioteket. Her kan du sjølv søkja etter forfattar, titlar og emne.
Opne Billedbokhylla >>>

Betjente åpningstider

Åpningstider i dag:
10:00 - 18:00
Day Open Close
Mandag 10:00 18:00
Tirsdag 10:00 18:00
Onsdag 10:00 18:00
Torsdag 10:00 18:00
Fredag 10:00 15:00
Lørdag 10:00 14:00
Søndag Closed

Kva skjer