Digitale tenester
Bibliofil - biblioteket ditt på nett
Bibliofil er biblioteksystemet som nyttast på Klepp bibliotek. Du kan bruka Bibliofil til å mellom anna søka etter materiale, få oversikt over eigne lån, reservera materiale og fornya lån. Bibliofil er tilgjengeleg som nettversjon, men kan og lastast ned som ein app i «App Store» eller «Google Play» (søk etter Bibliofil). Med appen får du og eit digitalt lånekort, som du kan bruka i sjølvbetjeningsautomatane på biblioteket. Meir informasjon om korleis du brukar Bibliofil finn du her >>>
Opne Bibliofil >>>
YouTube-kanalen Jærbiblioteka
Allbok - lån lydbøker og e-bøker
Allbok er ei teneste som gjer det mogleg å låna e-bøker og lydbøker gratis frå bibliotek. Allbok kan opnast i ein nettlesar, eller lastast ned som ein app til bruk på mobil eller nettbrett. Last ned appen frå App store for iOS eller Google play for Androide. Logg deg på med lånekortnummer og pinkode.
Opne Allbok >>>
Biblioteksøk - bestill bøker frå andre bibliotek i noreg
Om du ikkje finn det du ønskjer å låna i vår katalog kan du bestilla frå andre bibliotek i noreg. Biblioteksøk er utvikla for å gje ein felles oversikt over alle norske bibliotekkataloger, og gi direkte tilgong til litteratur som er digitalisert i Nasjonalbiblioteket. I Biblioteksøk kan du finna bøker, men også andre ting som lydbøker, filmar og liknande. Lånare med Nasjonalt lånekort kan nytta tenesta til å bestilla bøker og velgja å henta dei på sitt lokale bibliotek.
Opne Biblioteksøk >>>
Boksøk.
Boksøk er ei søketeneste med bøker som på ulike måtar er tilpassa alle som les i motvind. Det er mange ulike årsaker til at ei bok kan være vanskeleg. Her finn du bøkene inndelt i kategoriar som tek utgangspunkt i lesarens ulike utfordringar. I Boksøk finner du bøker for barn, ungdom og vaksne, både skjønnlitteratur, faktabøker og teikneseriar.
Opne boksøk.no >>>
Karanteket - digitale bibliotektilbod frå heile noreg
Pressreader - få tilgang til over 6000 tidskrifter og aviser
Med Pressreader kan du lesa over 6000 aviser og tidsskrifter heilt gratis. Desse kjem frå over 1000 ulike land og er på over 70 ulike språk. For å få tilgang må du logga deg på medan du er på biblioteket. Deretter har du fri tilgang heimanfrå i sju dagar.
Opne PressReader >>>
Filmbib - sjå kortfilmar og dokumentarfilm gratis
Alle med nasjonalt lånekort på norske bibliotek kan sjå kort- og dokumentarfilm gratis gjennom strømmetenesta Filmbib. Logg deg inn med lånenummar og PIN-kode. Du kan sjå kortfilmar og dokumentarar av nyare dato, men og fleire filmar som går tilbake i tid. Filmbib har ein unik samling av filmar for både barn og voksne: animasjonsfilmer, eksperimentelle filmer og humoristiske korte historiar.
Opne Filmbib >>>
Nasjonalbiblioteket - gratis tilgong til bøker, tidskrift, bilete og aviser
Lesekroken
Lesekroken inneheld digitale lydbøker og blabøker med eventyr fra Asbjørnsen og Moes samlinger på bokmål og nynorsk, samt 20 av dei mest vanlige fremmedspråka i Noreg inkludert samisk. I tillegg finn du interaktive oppgåver som puslespel og ordlotto, samt karaoke og songar. Publikumspassord er: Kleppe
Opne Lesekroken >>>
Billedbokhylla
Mange gode biletbøker vert gamle og utslitt. No er ein god del av desse bokskattane likevel blitt tilgjengelig via internett. Nasjonalbiblioteket har byrja å skanne norske bøker. Dette gjeld bøker som er utgjeve før år 2000. Hammerfest bibliotek har laga ein eigen base kor dei har samla dei digitale biletbøkene frå Nasjonalbiblioteket. Her kan du sjølv søkja etter forfattar, titlar og emne.
Opne Billedbokhylla >>>
Digital fotosamling - tilgang til kring 5500 historiske bilder fra Klepp kommunes fotosamling
Klepp kommune har digitalisert si historiske fotosamling og gjort den tilgjengeleg for allmenheiten. Samlinga inneheld kring 5500 bilete. Storparten av bileta er tekne av Karl Korneliusson Kleppe (1877-1959). Han var stortingsmann, lærar, gardbrukar og ein ihuga amatørfotograf. Samlinga inneheld både bilete frå Klepp og andre stadar.
Opne fotosamlinga >>>
Helsebiblioteket - oppslagsverk for helsepersonell
Helsebiblioteket.no gir gratis tilgang til fagprosedyrer, oppslagsverk, databaser, tidsskrifter og andre kunnskapsressurser for helsepersonell.
Opne Helsebiblioteket >>>
Verdensbiblioteket - e-bøker og lydbøker på andre språk
Verdensbiblioteket gir gratis tilgang e-bøker og lydbøker på andre språk enn norsk. Opprett en konto med din epostadresse. Logg inn for å lese og lytte så mye du vil.
Opne verdensbiblioteket >>>