Målet med Lesedigg er få fleire barn til å lesa – og hjelpa dei å finna bøker som passar for dei. Med hjelp av emojiar og mange andre søkefunksjonar, lar Lesedigg.no brukarane søka seg fram til bøker som passar akkurat for dei.
På Lesedigg finn du bokomtalar, bokmeldingar, forfattarintervju og aktivitetar tilpassa barnetrinnet.

Lesedigg er utvikla av Nynorsk kultursentrum, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune og Landssamanslutninga av nynorskkommunar ved Framtida Junior.
Nasjonalbiblioteket har støtta utviklinga av Lesedigg. Lesedigg blir drifta av Framtida Junior. Nettstaden deira hadde over 137.000 brukarar i fjor. Fleire barn, lærarar og bibliotekarar har kome med tilbakemeldingar undervegs i utviklingsprosessen.

 

Slik får du Lesedigg på nettsidene til biblioteket og skulebiblioteket