Nå kan du sjå forslaga til nytt kommunehus og kyrkje

Klepp kommune har invitert fire arkitektfirma til å teikna nytt kommunehus og kyrkje.

I perioden 16. september til 22. oktober kan du sjå forslaga frå arkitektane i ei utstilling i foajeen på rådhuset. Du finn også teikningane her på nettsida.

Dagens rådhus blir fullstendig rehabilitert, med kyrkja som eit tilbygg med god tilkomst frå kommunehuset. Det heile skal bli “eit bygg for alle”, med plass til administrasjon, politikk og bibliotek slik som i dag, men også for kulturskulen, Axis ungdomskultursenter og frivilligsentralen, med fleire.

Alle desse som skal høyra til her er med i prosessen fram til husa skal stå klare 1.4.2025.

Ein jury vil nå vurdera dei fire forslaga frå arkitektane, og vinnaren vil bli annonsert 25.10.2021.

Juryen består av

•    Sigmund Rolfsen, ordførar
•    Torild Lende Fjermestad, kommunedirektør
•    Inger Kari Søyland, kyrkjeverje
•    Leif Solberg, leiar for plankomitéen i kyrkja
•    Ulf Ludvigsen, kultursjef
•    Bjørg Wigestrand, eigedomssjef
•    Sverre Svendsen, arkitekt frå NAL
•    Jan Erik Rossow, arkitekt frå NAL

Forslaga er leverte av

•    Atelier Oslo med Trodahl arkitekter
•    HRTB AS Arkitekter MNAL
•    Longva Arkitekter med arkitekt Einar Dahle
•    L2 med KOHT Arkitekter

Her kan du sjå dei ulike forslaga. Det er hemmeleg kva for firma som står bak kva for teikningar.

Forslag 1

Forslag 2

Forslag 3

Forslag 4