Heim til jul
Søstrene Grøtteland fortel frå barndommen, då dei kvar jul reiste heim til fjellgarden Bjerkreim
Gratis - krever påmelding
Kari og Synnøve voks opp på fjellgarden Grøtteland i Bjerkreim, og varr 5 søstre som hadde det fritt og godt i fjellheimen med mor, far en dreng, hest, 7 kyr og 35 sauer. Austrumdalsvegen vart alltid fullstendig vinterstengd og ingen snøplog holdt den åpen.
Då barna måtte begynne på skulen, så blei dei med med mor si ut til bygda for å bu i en lærarbolig fra slutten av oktober til april/ mai kvart år.
"Vegen var farlig med is og mange snøras ned fjellsidene, så det var ikkje mange gongene me kunne besøke far då me hadde flytta ut
Far var isolert på Grøtteland, og tok seg av dyra mens resten av hans familie budde nedi bygda.
Foredraget går ut på at me alltid reiste heim til far når det vart jul, og me vil fortelle om 4 ulike måtar å kome oss heim på.
Det var vær og føreforhold som avgjorde kva måte me kom oss heim på, og ulikt frå jul til jul.
Det er desse 4 forskjellige måtene me vil fortelle minner om,
og gleden over å endeleg ha kome: HEIM TE JUL og til far".
Det blir vist ein god del bilete undervegs, og me har med gitarane og syng fleire kjende songar frå den tida – til dømes Vesleblakken, med meir.