Velkommen til biblioteket også i sommar.

Hugs Sommarles, vår lesekampanjen er for barn frå 1.-7. trinn. Deltakarane kan vinna både digitale troféar og små premiar som kan hentast på biblioteket.

Dei som ikkje har begynt på skulen kan koma innom og få ein Lesekalender. Lesekalenderen er ein papirkalender med 21 luker. Den er laga for å inspirera førskolebarn og foreldra deira til å lesa saman. Bak kvar luke skjuler det seg ein liten tekst både til barnet og den vaksne. Her finn ein boktips og idear til å gjere lesinga til ei god oppleving. Lesekalenderen er utvikla av Sola bibliotek i samarbeid med Lesesenteret i Stavanger.