Bibliotekets tilbod til skular

Klassebesøk

Alle besøk til biblioteket må avtalast på førehand.

Ta kontakt med biblioteket for å avtale klassebesøk med orientering/bokpresentasjon.

Ad hoc-besøk der klassen kjem samla til biblioteket for å levera og låna bøker bør avtalast på førehand for å unngå å komme når det er andre grupper.

Send melding til klepp.bibliotek@klepp.kommune.no eller ring tlf. 51429870 (kl. 10-15) i god tid.

Me minner òg om at elevane må ha med lånekort, eventuelt mobilen til biblioteket slik at dei kan bruka utlånsautomatane.

 

Lånekort

Det er foreldra som søker om lånekort til barnet. 

Det kan gjerast ved å registrera seg digitalt eller fylle ut eit skjema. 

Dersom ein klasse skal komme på orientering/bokpresentasjon og få lånekort må ein bruke skjema for at bibliotekaren skal kunne klargjere dei fysiske lånekorta for utdeling under besøket. Ferdig utfylte skjema og ei klasseliste må leverast til biblioteket ei veke før besøket.

For dei eldste elevane vil me minne om at dei kan bruke appen Bibliofil og dermed ha lånekortet på mobilen. Hugs derfor å gi løyve til at eleven kan ta med seg mobilen på biblioteket. 

Skriv ut skjema for lånekort.

For å registrera seg som lånar digitalt, sjå den blå firkanten oppe til høgre på heimesida, og klikk på “Bli låner”.

 

Bokkassar

Biblioteket lagar til bokkassar til til bruk i skulen. Det kan være forskjellig type skjønnlitteratur (til dømes lettlesne bøker, bildebøker, spenningsbøker) eller temakassar til prosjektarbeid. Lærarane får eigne kort til skulebruk. Bokkassane må bestillas minst tre vyrkedagar før dei skal brukast. Send ein e-post til klepp.bibliotek@klepp.kommune.no og hugs å få med:

  • Namn på skule
  • Kontaktperson
  • Aldersgruppe/klassetrinn
  • Elevtal
  • Tema
  • Målform (nynorsk/bokmål/blanda)
  • NB! Utvalet på nynorsk er begrensa pga utgitte bøker
  • Leveringsdato du ynskjer

Betjente åpningstider

Åpningstider i dag:
10.00 - 15.00
Day Open Close
Mandag 10.00 18:00
Tirsdag 10.00 18.00
Onsdag 10.00 18.00
Torsdag 10.00 18.00
Fredag 10.00 15.00
Lørdag 10:00 14:00
Søndag Closed

Kva skjer